Etterbehandling

tattoostudio sogndal 2.jpg

GRATULERER MED NY TATOVERING!

Tatoveringsprosessen fører til sår i huden og vil no gå gjennom ei lekjingstid på to til fire veker. Eit godt resultat avhenger av god etterbehandling og ein tatovering er ikkje permanent før den er ferdig grodd.

Tatovøren har lagt på ein film for å beskytte tatoveringen den første tida. Denne kan du beholde på i ca 5 døgn.

Når filmen er fjerna kan du starte med rens. Vask først med såpefri tattoogel og skyll med reint vatn. Denne lindrer irritasjon og fjerner smuss og partikler på hudoverflata.

Deretter smør sparsommelig med tatoveringssalve. Gjenta ca tre gonger pr dag i 10 til 14 dager.

Tatoveringen kan væske litt i starten. Det er normalt.

Dersom tatoveringen væsker mykje kan det vere lurt å fjerne filmen same kveld slik at du kan starte behandlingen tidlegare. I så fall legg gjerne på ny film eller brannkompress over natta. Bruk film eller kompress som pustar og ikkje set seg fast i tatoveringen.

Viktig: ved skorpedannelse treng desse mest mulig ro og fred og tid til å løysne heilt av seg sjølv. Kloring på skorpene vil føre til hull i tatoveringen med manglande farge.

Infeksjonar

Ved mistanke om infeksjon anbefales å bytte til brulidine salve eit par dagar. Denne kan kjøpast på apoteket. Eller ein kan legge ein tørr babywipe dynka i pyrisept over tatoveringen eit par gonger pr dag til betennelsen er under kontroll. Tørk forsiktig av.

Symptom på betennelse er enkelte parti med raud hud og stor skorpedannelse med gul/grønn farge. Skorpene er ikkje tørre.

Ta kontakt eller kom innom dersom du er usikker.

IMG_0282.jpg

sol bading og badstu

Unngå å utsette din nye tatovering for direkte sollys første 14 dagar.

Unngå også bading og badstu i offenleg bad i minimum to veker etter tatovering for å unngå infeksjonsrisiko. Klorvatn må unngåes.

Når tatoveringen er grodd tåler den litt sol, men tar skade allerede ved lett solbrenning. Bruk solfaktor på solrike dagar. Og for å ta vare på tatoveringen på best muleg måte bruk gjerne TattooMed Colorprotection salve til dagelig bruk. Denne salven har også UV beskyttelse og vil bidra til mindre falming over tid.

IMG_0287.jpg

TattooMed tattoo aftercare

Produktene frå tyske TattooMed er medisinsk framstilte for tatovert hud og er utvikla av profesjonelle farmasøyter i samarbeid med tatoveringsartistar. Produktene er 100% veganske og har aldri vore testa på anna enn mennesker.